Har du planar om å byggje terrasse eller tilbygg etter 1. mai?

Frå 1. mai 2021 kan fleire byggje terrassar og tilbygg utan å søkje. For å finne ut om dette gjeld deg, må du først undersøkje kva du har lov å gjere på eigedommen din. Det finn du som regel på kommunens heimeside.

Sist endret 12.04.2021

Byggjer du ulovleg kan det bli dyrt og tidkrevjande å rydde opp i ettertid.

For å kunne byggje utan å søkje må du:

  1. Sjekke planane og føresegnene for eigedommen
  2. Passe på at du følgjer alle krav til avstander og byggjegrenser
  3. Ikkje byggje større enn det som er tillate på eigedommen
  4. Sjekke at det du vil byggje er unntatt søknadsplikt
  5. Melde frå til kommunen om kva du har bygd

1. Sjekk planane og føresegnene for eigedommen

Før du startar å byggje må du alltid sjekke kva reglar som gjeld for eigedommen din. Desse finn du vanlegvis i arealdelen til kommuneplanen, i reguleringsplan eller i områdeplan, som ligg på kommunen si nettside. Les dokumenta grundig. Føresegnene kan påverke om du har lov å byggje, kor du har lov å byggje og kor stort du har lov til å byggje. Du må tilpasse prosjektet ditt til desse reglane for å sleppe å søkje.

Tips! Be kommunen om eit situasjonskart for eigedommen. Der er dei fleste kjente føresetnadar som du må rette deg etter, teikna inn. Forstår du ikkje planen? Be kommunen om hjelp. Dei har laga den og kan hjelpe deg.

2. Pass på at du følgjer alle avstandskrav og byggegrenser

Den søknadsfrie terrassen må være minst 1,0 meter frå nabogrensa, mens det søknadsfrie tilbygget må være minst 4,0 meter frå nabogrensa. Ofte finn du strengare byggjegrenser i kommuneplan eller reguleringsplan. Då er det planen som bestemmer kor langt unna du har lov å byggje mot til dømes nabo, vei, jernbane, vassdrag eller områder som er utsette for flom og skred. Byggjer du for nære kan du risikere at du må rive det du har bygd.

3. Ikkje bygg større enn det som er tillate på eigedommen

Alle regulerte eigedommar har avgrensingar for kor stort og kor mye du har lov å byggje. Dette er kalla eigedommens «grad av utnytting» og er som regel oppgitt i BYA, BRA eller %TU. Du må derfor rekne ut at du har plass til terrassen eller tilbygget du ønskjer å setje opp. Du får hjelp til å rekne ut grad av utnytting i vegvisaren "Hvor stort kan du bygge".

4. Sjekk at terrassen eller tilbygget er unntatt søknadsplikt

Har du funne ut kor du har lov å bygge og kor stort du kan bygge? Då må du finne ut om det du vil byggje er unntatt søknadsplikt. Her er ei oppsummering av de nye reglane:

  • Terrasse forbundet med bygning: Terrassen kan ha ei høgde på inntil 1,0 meter frå eksisterande terreng, og kan ikkje stikke lengre ut enn 4,0 meter frå ytterveggen til bygninga, også kalla fasadelivet. Terrassen kan ha eit rekkverk på inntil 1,2 meter, men kan ikkje være overbygd. Avstanden til nabogrensa skal være minst 1,0 meter, men ofte må du ha større avstand grunna byggjegrenser eller andre avgrensingar.
  • Plattingar på bakken: Skal du byggje ein platting som ikkje er høgare enn 0,5 meter over bakken? Da kan du byggje utan å søkje, så lenge planane til kommunen ikkje set andre grenser. Du kan plassere plattingen heilt inntil nabogrensa. Slike plattingar skal heller ikkje reknas med i det arealet du ha lov å byggje på eigendommen din.
  • Tilbygg: Tilbygg som verken har eit samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) på over 15 kvadratmeter. Eit tilbygg er eit bygg som er satt opp ved sidan av eit eksisterande bygg, som er understøtta og har eige bæresystem. Tilbygget kan ikkje overstige to etasjar eller plan på det eksisterande byggverket.

5. Meld frå til kommunen om kva du har bygd

Har du bygd eit tilbygg eller ei frittliggande bygning? Husk å melde frå til kommunen når du er ferdig å byggje. Dette må du gjere seinast fire veker etter ferdigstilling, slik at kommunen kan oppdatere kart- og matrikkeldata.

Du kan bruke skjemaet Melding om bygning eller tilbygg som er unnateke søknadsplikt (skjema 5188).

Melder du frå har du også dokumentasjon på at det du har bygd er unntatt søknadsplikt. Dette kan vere fint å ha til seinare, til dømes når du skal selje bustaden din.